Min jul – Bente Marie Friis Hausken

Kva er dine beste barndomsminner om adventstida?

Me har spurd folk på Haugalandet om deira jol. Les historia til:

Bente Marie Friis Hausken (45) – Lærar og bloggar

 

 

No er ho her. Den tida av året. Adventstida. Eg var vore der gong på gong. Tatt meg sjølv i å tenke at alt må vere perfekt. Eg må hugse å ha joleverkstad. Bake nok sortar. Ha det ryddig og vaska. Tenne nok stearinlys og lese jolebøker og få fram den beste stemninga. Det er jo borna sine adventsminner det gjelder. Det dei skal hugse når dei bli vaksne. Eg vil vel ikkje at dei skal sjå tilbake og tenkje at det var ikkje nok stemning og gode førjolskjensler i barndomsheimen?

Ein dag i november heime hjå oss.

  • Kva forbinder du med førjolstida frå då du var yngre, spurde eg ho som er nesten sytten.

Kva svar eg venta er eg usikker på, men eg tenkte kanskje at ho ville sikkert hugse dei gongene me laga pepperkakehus. Noko som verkeleg tar lang tid og som absolutt ikkje har blitt prioritert kvart år. Eller kanskje ho tenkte på dei gongene ho hadde invitert venninner på joleverkstad og eg hadde planlagt og handla inn og la alt til rette for dei?

  • Eg hugser best då me gjekk opp på Svennhaugen og hadde med kakao og kvelds, sa ho.

Eg så undrande på ho. Var det verkeleg det ho hugsa best? Kvifor i alle dagar hadde eg lagt ned tid og energi i førebuingar år etter år og så hugsa ho best ein kopp kakao, kvardagsbrødskiver og stjernehimmel på utkikksplassen hundre meter i frå heimen.

Og kva hugser eg egentlig best sjølv? Frå eigen barndom? Frå dei lilla dagane i desember som gjekk over i raudt siste veka før jul.

Eg hugser sundagane då dei tente adventslys før BarneTV. Det var litt høgtid i stova då Ragnhild Sælthun Fjørtoft eller Harald Mæhle tente lys og las adventsvers og me måtte tenne våre heilt på likt. Eg hugser at eg fekk syster mi til å tru at det var kjekkast å tenne fyrste lyset. Ho fekk jo vere fyrst! Eg fortalde aldri at ho som tente fyrst fekk tenne fire lys samla sett, medan eg som måtte vente til andre sundag i advent fekk tenne seks. For me bytta jo sjølvsagt på det. Annakvar gong. Rettferd er ei av barndommens sterkaste drifter. Og kunne ein lure lillesøster var det ein bonus.

Ein annan ting eg hugser godt er BarneTV. I dag ville nok NRK kalla programmet «Korleis lappe sko minutt for minutt», men Jul i Skomakergata var det ultimate adventsprogrammet. Og sjølv om eg hadde sett det før var det like spanande å sjå kven som skulle hente sko og kva Jon Blund meinte at alle born skulle ha. Passe pedagogisk og passe tøysete. Og sjølvsagt måtte eg ta nellikspikeren ut av mi appelsin samstundes med at skomakaren tok ut av si. Ritualer skal ein ikke tukle med.

Eg satt halve barndommen min ovanfor mamma og såg på at ho trylla stoff i metervare til klede. Fasinerande og magisk! Ei jul fann mor mi ut at ho skulle sy dukkeklede til alle syskenborna mine sine dokker. Ho leita fram stoffrester og det var spanande å sjå kven si dokke som skulle få skjørt lik mamma si jakke eller skjorte lik min kjole. Sting etter sting med gilde fargar føyk gjennom maskinen. Blondekantar og selar til skjørt med knappar. Og plutseleg hadde nok ei dokke fått juleklede. Framleis kan eg hugse fleire av fargekombinasjonane og lyden av symaskinen som jobba seg gjennom plagg etter plagg.

Kanskje er det ikkje berre dotter mi som hugser dei enkle tinga? Kanskje er det slik at me alle hugser stemninger, lukter og alle dei små tingene som me gjer gong etter gong. Aller helst liker eg å tru at det me gjer med dei me er glad i, både ein kvardag i mars eller i adventstida, er det me hugser best. Som å ete kvardagsbrødskiver medan ein leiter etter Karlsvogna, eller henge rundt kjøkkenbordet og sjå stoff og tråd på magisk vis bli til klede.

Facebooktwittermail